Kvinnherad Fotoklubb vart starta opp våren 1983. Opprinneleg var det nokre kameratar som starta opp Valen Fotoklubb eit halv år tidlegare, men ein skifta navn til Kvinnherad Fotoklubb då ein snart fekk medlemmer frå heile kommunen. Det var og litt enklare då ein skulle søka kommunen om stønad i høve oppstart og drift av ny klubb.
Dei første åra hadde klubben bare sporadiske møter heime hos dei einskilte medlemmene. Det var først i 1989-90 det vart fart på sakene. Geir Remme som jobba i utekontakten på Husnes, deltok aktivt og skaffa bl.a møtelokale og mørkerom i kjellaren på Husnes samfunnshus. Mørkerommet vart bygd og innreidd på dugnad, og ein fekk innreia det etter eige ønske og behov. Forstørrelses- apparat til både 35 mm og mellomformat vart skaffa til veie. Geir, Jostein og Atle starta også opp med grunnkurs i fotografering på friundervisninga, noko som igjen gav nye medlemmer. Svart- kvit- fotografering og det påfølgande mørkeromsarbeidet blei svært populært.
“Månadens foto” var ein gjengangar på heile nittitalet. Det var ein svart-kvit-konkurranse som vart halden på kvart møte, som for øvrig var fast den siste måndagen i månaden. Vinnarbiletet vart kvar månad presentert i lokalavisa «Kvinnheringen» som også sponsa film til den heldige vinnaren. Biletet i avisa førte også til mykje gratis reklame for fotoklubben. Deltakinga på desse klubb- konkurransane var upåklageleg ,det var ikke uvanleg med 20-30 innleverte bilete. Dei seks beste bileta vart hengt opp i biblioteket den neste månaden.
Kvinnherad Fotoklubb hadde nok sine mest aktive år først på nittitalet med nær 40 medlemmer. Om lag halvparten av desse var damer, noko som er sensasjonelt innan fotoklubb- miljøet, som kanskje mest var kjent som ein “gutteklubb” med dyrt fotoutstyr, der mannfolka snakka uforståeleg om lukkar og blendar.
Alt i 1984 meldte klubben seg inn i Norsk Selskap For Fotografi ( NSFF ), som er paraply- organisasjonen for landets fotoklubbar. Her fekk ein råd og vink om korleis ein evt. kunne driva ein fotoklubb. I tillegg fekk ein høve til å delta i den årlege landskonkurransen til NSFF. Ein del av klubbmedlemmene har sidan midt på åttitalet vore med på landskonkurransen. Sjølv om Kvinnherad Fotoklubb er ein liten klubb på landsbasis, har dei ofte hevda seg heilt i toppen av premielista. To gonger har dei blitt kåra til landets nest beste klubb, bare slått av Oslo Kameraklubb. Og når ein veit at dei har 2-300 medlemmer blir ikke prestasjonen mindre. I 1996 vart Atle Helland kåra til årets fotograf i NSFF. Men også andre i klubben har sanka medaljar i landskonkurransar ( Tove I.Handeland Remme 3 stk., Jostein Saghaug 3 stk.. ,Heine Helland 5 stk., og Atle Helland 25 stk. ) Ellers har både Bodil Haga , Geir Malmanger og Heine Helland oppnådd gullmedaljar i ungdomslandskonkurransar for fotografar under 25 år.
Styret i Kvinnherad Fotoklubb hadde også fire år i distriksstyret ( D4 ) ,for Bergen Hordaland og Rogaland, som består av 13 fotoklubbar. Forutan å arrangera distrikskonkurransen vart det også arrangert distrikstreff kvart år. Eit år hadde vi bl.a treffet i Rosendal og i samarbeid med Galleri Guddal fekk vi tak i fotograf Morten Krogvold, som hadde utstilling i tillegg til føredrag på Rosendal Fjordhotell. “ Mini-workshopen» samla over 40 deltakarar frå 7 ulike klubbar.
Klubbstyret hadde også i to år ansvaret for konkurranseutvalget i NSFF, med all jobb det innbefatta, bl.a arrangerte vi to årlege landskonkurransar.
Medlemmer frå Kvinnherad Fotoklubb har seks gonger vore representert på landsmøtet, bl.a i Tønsberg i 1997, der seks medlemmer frå klubben reiste. Under laurdagens jubileumsmiddag fekk Atle overrekt hedersteikn og ærestittel frå presidenten i selskapet. Han blei utnemt til Hon ENSFF, som står for Honorær Ekselense Norsk Selskap for Fotografi -for fremragande nasjonal og internasjonal fotoaktivitet og utmerka administrativ teneste. Den gongen var det berre seks fotografar i Noreg som hadde fått denne utmerkinga..
Siste kommentarer